Design, rådgjeving & bemanning

Våre fagfolk er kreative og lidenskapleg opptekne av å finne gode løysingar.

Me er gode på kreative prosessar

Idéar er råmaterialet til alt som er nytt og spennande. Godé idear vert betre viss dei får rett næring, ryddig struktur og nok kjærleik rundt seg til å bli fullvaksne.

Me er gode på kreative prosessar og kan hjelpe deg med å bygge vidare på ein idé.

Nokre prosjekt kan starte i den andre enden - at målet er klart, men at den originale idéen manglar. Det kan me også hjelpe deg med.

SPRiLT er ein kreativ ressurs for deg som ynskjer å skape noko - uansett utgangspunkt.

Image

Halda i tråden?

Krevjande arrangement? Skal ut på turnè? Stort prosjekt? Ukjend farvatn? Mange lause trådar? Kjenner du at du har bruk for ein erfaren prosjektleiar som kan koordinere, samle alle trådane og hjelpe deg med gjennomføringa?

Me har lang fartstid med å levere prosjektleiarar, turnèleiarar, produsentar, produksjonsleiarar og koordinatorar til små og store prosjekt i inn- og utland.

Image

Bemanning?

Flinke folk på rett stad er viktig. Me hjelper gjerne kollegaer, kulturhus, teater, produksjonsselskap og arrangørar med å finne dei rette folka der det trengst.

I tillegg til våre interne ressursar har me eit breitt nettverk av flinke fagfolk over heile landet som me meir enn gjerne deler med deg.

Image

Design for scene

Det er ikkje alltid det som varer lengst er noko du kan halde i handa.

Me trur på å skape inntrykk som folk tar med seg heim.

Våre lys- og lyddesign, scenografiar og produksjonar blir ikkje borte når showet er over.

Kunsten ligg ofte i samspelet mellom innhald og uttrykk - og det er der me trivest aller best.

Image

Kjedeleg problem?

Det handlar ofte berre om å sjå ting i rett lys. Kanskje finst det kreative og spenstige løysingar på eit kjedeleg problem.

Treng du ein kreativ medspelar som kan snu problemet på hovudet, eller berre ei trygg hand som kan hjelpe deg å materialisere ein svevande idè?

Image

Bygga litt?

Butikk? Museum? Hotell? Restaurant? Utstilling? Fasade? Kunstinstallasjon?

Lyd-, lys- og bildetekniske løysingar er viktige komponentar i dei fleste byggeprosjekt. Me bistår gjerne med rådgjeving og prosjektering på våre fagfelt.

Ta oss gjerne med i frå starten, slik at me kan finne heilskaplege løysingar saman med dei andre samarbeidspartnarane dine.

Image

SPRiLT er ein kreativ ressurs for deg som ynskjer å skapa noko.