
Er du ein bedriftsleiar? Ynskjer du eit arrangement som gjer ein forskjell?
Ingen bedrifter er like. Det er ingen som deler di historie eller di framtid. Dine folk, din bedriftskultur, dine visjonar og planar. Alt dette er unikt for deg og di bedrift.
Difor meiner me at arrangementet også skal vera ditt. Ynskjer du å forsterke etablerte verdiar? Eller vil du utfordre det gamle og løfte blikket mot nye tider?
Ingen bedrifter er like. Difor meiner me at arrangementet også må vera ditt.
Lokale løyndomar
Ein god kokk nyttar gode råvarer når dei er best. Det samme gjeld for opplevingar. For å få den beste opplevinga må ein tilpasse seg sesongar.
Dette landet er fullt av gøymde skattar og endelause mogelegheiter. Me veit kva tid og stad ein bør finne, og passar på at du landar midt i smørauget kvar gong.

Kva vil du?
Det er lov å berre ta seg ein real fest. Men kanskje vil du oppnå noko meir med arrangementet ditt? Det kostar jo trass alt ganske mykje pengar?
Invitèr oss gjerne inn i bedrifta di. Kva er dei store vala de må ta i tida som kjem? Har de gamle kjepphestar? Er gjengen din samansveisa nok for utfordringane dei skal møte?
Ei stor oppleving kan vera ein katalysator for vegen framover. Me kan hjelpe deg å finne den rette opplevinga for jobben.

Miljø
Me er opptekne av at også framtida skal vera full av gode opplevingar.
Me lagar lokale opplevingar, og nyttar lokale samarbeidspartnarar.
Me har betre idèar enn gummiballongar og plastikkonfetti.
Lag ein fest som ikkje framtida må betale for. Lag ein fest for idag - og for i morgon.
