fbpx
SPRiLT Logo

FAGFOLK

FAGFOLK

100% FOLK

Du kan ikkje dele
ein person i to
og forvente at den
virkar.

Hjå oss kan alle
vera heile seg.

Det skulle berre
mangla.

KJÆRLEIK

TIL ARBEID

To sider av samme sak.

Me har det bra på jobb,
difor jobbar me bra.

Det beste av alt
er at det smittar.

GÅR DETTE

AN?

Det beste me veit
er det me ikkje veit.

Difor elskar me utfordringar.

Kven vil du utfordre?

DET ER FORSKJELL PÅ FOLK.

Sjølvskryt

VossaJazz 2024

VossaJazz 2024

Starten på nye 50 år med VossaJazz! Det er ei stor gleda å få vera med å ta fatt på eit nytt kapittel saman.

Eggum Ost og Sider

Eggum, Ost og Sider

Eit originalt heilkveldkonsept for Myrkdalen Hotel, med Jan Eggum, Arvid Notland og Kvestad Sideri.

Voss Kulturhus

Voss Kulturhus

På oppdrag frå Voss Herad driftar SPRiLT teknikken ved to offentlege kulturscener – Voss Kulturhus og Gamlekinoen.

lydtekniker

lystekniker

videotekniker

scenetekniker

pyrotekniker

turnéleder

prosjektleder

produksjonsleder

hms scene

location manager

albuminnspilling

lyd til bilde

scenerigger

lysdesigner

lyddesigner

videokunstner

rådgiver

konsulent

systemtekniker

automasjonsteknikk

Prosjektleder

Produksjonsleder

Konsulent

Lyddesigner

Lysdesigner

Pyrotekniker

Bildetekniker

Grafisk designer

Kreativ leder

Studiotekniker

Turnétekniker

Dekorsjef

HMS rådgiver

Akustikkrådgiver

Scenemester

RF tekniker

Turnéleder

Eventkoordinator

Eventprodusent

Event tekniker

Turnésjåfør

Logistikkansvarlig

Prosjektrådgiver

LED tekniker

Festivalprodusent

Festivalkoordinator

Dante tekniker

Montør

Kreativ lysdesign

Akustikk

Konseptutvikler

Strategisk rådgiver

Arrangementsutvikler

Festivalutvikler

Evelyn Borge

Evelyn Borge

"Tanto"

Evelyn er edderkoppen i nettet. Ho snakkar med alle, held styr på alt, og snusar opp utfordringar lenge før dei blir problem.

Ho er HMT-sjef og passar på alle.

Evelyn er utdanna økonom i utlandet, og kan halda tusen ballar i lufta samtidig.

Kontakt

Visste du at

  • Evelyn er geriljabrodør og kombinerer sin tvilsame humor med kunst og handverk.
  • Ho var med på A-laget som fekk Bula og Kari Traa ut i den store verda, før me stjal ho.
  • Evelyn er legendarisk god på logistikk, toll og tull og har krangla med kinesarar i telefonen.
  • Ho har jobba i bank og kan rekna på kalkulator
  • Evelyn er ekstremt observant og får med seg det meste om det meste
  • Ein bedre potet skal du leita lenge etter, Evelyn seier aldri nei til å redda dagen.
  • Evelyn har riggebukse, hjelm og stor saks når du treng det.
Ann Christin Nøss

Ann Christin Nøss

"Nøsso"

AC er kaospilot og helseminister i SPRiLT. Ho  helser på alle, kjenner dei fleste og kan organisera det aller meste.

Ann Christin er eit fyrverkeri av idéar og er ekstremt flink til å sjå synergiar og moglegheiter for dei fleste i det meste.

Kontakt

Visste du at

  • Der andre ser problem ser Ann Christin berre mogelegheiter.
  • Nøsso sin hjerne er ei popkornmaskin utan stoppknapp.
  • Antakeligvis den mest kreative personen du (ikkje) har møtt!
  • Ann Christin laga 70 pop-up kulturarrangement på ungdoms-OL på Lillehammer i 2016?
  • Ho har eit uvanleg godt auga for korleis detaljane bygger opp heilskapen.
  • AC er ein fenomenal stagemanager. AC blir vennar med alle.
  • Ho var med i oppstarten av Skigutane (Bula, Kari Traa) og blei politianmeldt for å mala på kyr?
  • Ann Christin har flydd eit fly opp i taket på eit sirkustelt og begeistra ein austlending.
  • Nøsso har vore turnéleiar utallige gonger (det går faktisk heilt rundt).
  • Ho har vore med på Ekstremsportveko sidan starten i 1998
  • Ann Christin spytta 7,5 meter under NM i morellsteinspytting på Lofthus i 2023.
  • Ho har alltid røykelaks i baklomma når du treng det.
  • Viss du vil SPRiLTA opp Ann Christin overraskar du ho med såpebobler.
Yngve Høyland

Yngve Høyland

Yngve er ein stødig, uredd og kreativ prosjektleiar som er god på å omsetta idéar til handling.

Han ser alle i rommet, og er særleg god på å drive fram kreative og strategiske prosessar slik at dei skapar meining og verdiar for alle.

Yngve har fleire tusen prosjekt i bagasjen, frå utvikling av arrangement til album og allslags andre kreative saker. AC kallar Yngve rakettforskar fordi han elskar det ukjende og lærer fort.

Kontakt

Visste du at

  • Yngve har vore i utlandet fleire gonger.
  • Han har utdanning frå LIPA og kjenner eindel folk.
  • Yngve har magiske linser som gjer at problem ser ut som mogelegheiter.
  • Han er låtskrivar
    • Har du høyrd Frida Amundsen sin «Closer?» (13 millionar andre folk har det)
  • Yngve lærte seg (nesten) å mala under corona, og skal læra seg å sy når neste pandemi kjem.
  • Enten så høyrer Yngve etter, eller så er han ein annan plass i hjernen.
  • Yngve sin lyd er stor nok til at alle detaljane og fargane får plass samtidig.
  • Han er audmjuk men sjølvsikker, og alltid svolten på å læra meir.
  • Han er irriterande flink på kjøkkenet, men har vanskeleg for å begrensa antal rettar.
  • Yngve måtte kjøpe seg inn i ein bilverkstad for å kjøre Land Rover utan byggelån.
  • Yngve sin favorittfrukt er sitron.
  • -Alle treng ikkje vera rakettforskar, men det hjelper jo (AC).
Alf Ove Fremmersvik

Alf Ove Fremmersvik

Med over 5000 arrangement på samvitet er Alf Ove ein av dei tryggaste du kan ha på laget. Han lagar dei lekraste lysdesign og handterer dei vanskelegaste situasjonar med fullstendig ro.

Han har i fleire tiår jobba med dei beste, og kjenner dei fleste. Han er ein stødig lysdesigner, turneleiar, produsent og produksjonsleiar.

Alf Ove er oppteken av å finna det ekte, er heil ved sjølv, og har eit kreativt hovud.

Kontakt

Alf Ove Fremmersvik

Visste du at

  • Alf Ove er ikkje redd for det som er vanskeleg. Han tek gjerne på seg tungt ansvar i komplekse prosjekt.
  • På fritida driv han ein diger korngard der han og sambuaren dyrkar urkorn med ekte kjærleik. Det er bra for både magen og sjela, samt kan redda planeten ein gong.
  • Alf Ove har gjennom ei årrekke vore produksjonsleiar og produsent for Noregs største utandørsteater, Kapten Sabeltann si kveldsførestilling i Dyreparken. Hiv o hoi!
  • Alf Ove har laga lysdesign på mange av dei store scenene i landet, og turnert fast med td. artistar som Ingrid Bjørnov og Øystein Sunde.
  • Han har sett meir StandUp enn dei fleste, og bygd opp den scenetekniske avdelinga på Latter gjennom 16 år.
  • Han er overraskande god med loddebolt og hammar.
  • Alf Ove kan vera fleire stader på ein gong, og har avvikla eit arrangement i fire land samstundes!
  • Han har turnért langs nesten kvar einaste norske landeveg, og veit kva vaktmesteren heiter der.
  • Han har vore teknisk produsent for store arenaproduksjonar i både inn- og utlandet, men kan også la seg frista til å lysa opp det lille og det nære.
  • Alf Ove har større skurtreskar enn deg, og ein fastnøkkel som må løftast med beina.
  • Han likar is, god kaffi og lun vind i fjeset.
  • Alf Ove likar veldig godt å vera spontan, viss han berre får laga ein plan i forkant.
  • Han likar godt å overraska, og kanskje litt å bli overraska sjølv.
  • Når Alf Ove får langt kvitt skjegg kjem han til å bli ein trollmann på både innsida og utsida.

Cato Østlie

Konsernsjef og finansminister

Cato har dør på kontoret sitt, men den er alltid open.

Han er nyleg oppgradert til versjon 2.0 med stor skjerm og fast adresse, men har beina på bakken og eit hav av erfaring frå jobben før tastaturet som ofte kjem godt med.

Cato har ein palle full av nedstøva trekkspel på lageret som han ikkje har hjerte til å kasta. Du kan få sjå dei for kr 5,- på kvardagar.

Visste du at

  • I kvardagen er han den rolege høvdingen i leiren som kan tenka seg om før han snakkar.
  • Det er ingen liten jobb å halda alle SPRiLTane på rett sida av gjerdet, så Cato  er den som får fri i helga.
  • Han er Vossing med talefeil – språket kjem frå Kolbotn men sjela kjem frå Brekkhus.
  • Cato er ein ryddig og strukturert type med sans for humor og eit hjarta som bankar for folk.
  • Han har vore bussjåfør og var kjekk i uniform.
  • Cato ønsker seg ein stor raud brems på kontoret som han kan dra i.
Ørjan Borge

Ørjan Borge

Lydtekniker, scenesjef og arbeidsjern

Ørjan elskar hardt arbeid. Han tek helst ikkje ferie, og viss han må ta fri så er det helst for å få unna noko anna arbeid som ventar.

Ørjan er ein svært rutinert lydtekniker og scenesjef, og går aldri tom for energi. Han er kvalitetsorientert og har verdens høgaste arbeidsmoral. Å vera på rigg med Ørjan er ein fest i seg sjølv!

Kontakt

Ørjan Borge

Visste du at

  • Ørjan har jobba sidan lenge før han vart konfirmert. Han jobba sjølvsagt på konfirmasjonsdagen.
  • Han er utdanna elektriker og tåler ein støyt.
  • Ørjan speler trommer på alt frå album til tomflasker
  • Viss noko er lagd av veldig tungt stål, så er det – eller blir det snart – Ørjan sitt.
  • Ørjan er ufrivillig eplebonde på fritida, men kan i det minste brøyta snø med eigen traktor.
  • Alle blir glade av å vera med Ørjan. Alle.
  • Ørjan kan mest sannsynlig redda deg uansett kva uføre du har havna i. Unntatt printeren.
  • Fyll på han med snus og cola, så går dagen som ein draum.
  • Når Bergensarane skal bygga den store scenen sin vil dei helst at Ørjan blir med!
Per Egil Mæland

Per Egil Mæland

"Peel"

Per Egil er vårt rockealibi. Me veit det ikkje sikkert men mistenker at han reiser med piggtråd som innsjekka bagasje.

Med 30 års erfaring som lydtekniker og bransjemann har Per Egil eit stort og allsidig nettverk og vener på dei brunaste kneipene i mils omkrets. Han er ein stødig og sosial fyr med glimt i auga og lidenskap for alt som er ekte og helst laga for lenge sidan.

I tillegg til å vera tekniker og prosjektleiar, har Per Egil oppsyn med varesalg og backline.

Visste du at

  • Per Egil har budd lenge i Oslo og kan navnet på alle dei kule plassane som er nedlagt no.
  • Han er vår innkjøpssjef for salg og installasjonar.
  • Per Egil burde spela mykje meir gitar enn han gjer.
  • Han har jobba i Radio Voss, og kan alle reklamane framleis.
  • Han har miksa nokre seriøst bra plater!
  • Per Egil meiner han kan få til å stemma eit trøorgel. Me ventar på beviset.
  • Han har hjerterom nok for alt me eig av backline
  • Per Egil er den streite hippen med eit lunt smil og ein god samtale på lur.
Svein Kristiansen

Svein Kristiansen

Med stødighet og presisjon i høgsetet er det ingen tekniske utfordringar som klarar å overvinne Svein.

Han har årelang erfaring innan tv, teater og showbiz, og har turnert landet rundt meir enn dei fleste.

Svein er ein særs dyktig lys- og sceneteknikar, og møter alle utfordringar med ein sterk fagleg og personleg tryggleik. Han er solid som grunnfjell, og gir seg aldri før prosjektet er heilt i mål.

Visste du at

  • Svein har fotografisk hukommelse, og byr raskt på inngåande detaljar om scenetak, vær og køyreforhold, tidspunkt og middagstype om du utfordrar han med eit tilfeldig bilde tilbake i tid.
  • Han har rigga og gjennomført produksjonar i samtlege fire element.
  • Svein har turnert i 20 år, og har personleg rekord på 264 reisedøgn på eit år.
  • Når han ei sjeldan gong ikkje er på jobb, finn du han gjerne på raske to hjul gjennom ein skog eller oppå eit fjell.
  • Svein søv best om natta når kablane ligg sortert i beine linjer bak scena.
  • Han er ein meister på kakebaking, og bakar gjerne to slag i gongen.
  • I tillegg til å være ein over snittet dyktig lys-, scene- og systemteknikar, er han også ein særs habil AV-teknikar!

Joachim Sandal

Du får ikkje Joachim på flaske –
han kjem berre på dunk!

Med ein sidermjuk personlegdom og glimt i auga så er det lite i denne verda som kan stoppa Joachim.

Han er eit teknisk unikum og kan utruleg mykje forskjellig og nyttig. Han har kanskje mest kjærleik for det som lyser fint eller snakkar digitalt, men han takkar heller ikkje nei til å skru fin lyd, rigga nokon tonn med stål eller svi av noko krutt viss sjansen byr seg.

Kontakt

Joachim Sandal

Visste du at

  • Joachim snakkar fleire digitale språk enn «vanlege» språk?
  • Han har ei ostesamling i kjellaren?
  • Han er verneombud i SPRiLT!
  • Joachim har turnért landet rundt i lastebil.
  • Joachim er aktiv i Røde Kors og reddar folk.
  • Han likar kjøt betre enn fisk
  • Joachm veit kva ein neve epler kan bli, med tid, sukker og kjærleik.
  • Joachim har køyrd følgespott på fargefjernsynet!
  • Han samlar på sertifikat på allslags maskineri og kan køyra det meste som er gult.
Anders Heibø

Anders Heibø

Det er langt nok mellom dei som kan å få ei hardingfele til å låte heilt akustisk med mikrofon på, men anders finst det berre ein av.

Med perfeksjonisme og samklang langt over snittet så tryllar han fram dei vakraste lydbileta du kan drøyme om.

Anders er nøysom, strukturert, og har stor kjærleik for dei knøttsmå detaljane.

Kontakt

Anders Heibø

Visste du at

  • Anders har det smartaste smarthuset me veit om. Det er like før han styrer uteklimaet også.
  • Dersom Anders vert utsett for nok utonar, så svimer han av.
  • Anders har (faktisk) dobbelthøyrsel, og høyrer (minst) dobbelt så godt som andre.
  • Han får plass til meir lydutstyr i ein Tesla enn i ein varebil, utan at nokon forstår korleis.
  • Anders har gravemaskin i hagen, for ein må jo grava litt av og til.
  • Han er ein ånd i lampen med alt som kan kodast på eit digitalt dataspråk.
  • Anders forstår VLAN og redundans og 01110011 11000011 10100101 01101110 01110100.
Per Anders Indrehus

Per Anders Indrehus

"PA"

Per Anders er full av arbeidslyst og går aldri tom for optimisme. Han er ein du kan stola på i tjukt og tynt, og tek alt på strak arm.

Han var nyleg eit år i Nordsjøen som kystvakt, og har truleg sove fleire netter i telt enn alle oss andre tilsaman. PA overraskar stadig med skills me ikkje visste han hadde.

PA har gode øyre. Han har skrudd lyd sidan han var 12, og har jobba med oss sidan 2018. No skal han snart utdanna seg og få voksne bukser, slik at han kan komme tilbake og læra oss voksne ting.

 

Visste du at

  • PA har ein intern konkurranse med Ørjan om å vera ryddigst på lageret.
  • Han er alltid svolten (men brenn fleire kaloriar enn ein småbarnsfamilie)
  • Han har raske solbriller og luktar godt
  • Per Anders sin bestefar var Per Indrehus, komponisten?
  • Ann Christin var så fornøyd med Per Anders at ho lovde han vekk til ein annan arbeidsgivar ein gong.
Sindre Tveit

Sindre Tveit

"Tindre"

Sindre sin verden er full av lys!
Han har eit års folkehøgskule på lysdesign og teaterlinje i baklomma, og er alltid svolten på nye utfordringar og lyse idéar.

Sindre er ein ekte gledesspredar, og stiller alltid opp i godt humør og med uknekkelig optimisme. Hjå oss lyser han opp både kvardag og fest, og fiksar det meste han får i fanget.

Kontakt

Visste du at

  • Sindre er ivrig og glad og flink og smiler masse
  • Han gir seg ikkje før jobben er gjort, og alle er ferdige.
  • Sindre blei tildelt Drømmestipendet som 16-åring, og blei spådd ei lysande framtid allereie då?
  • Sindre kan fortelja deg kvifor det ikkje er lurt å leike med krutt.

Det virkar som du er litt nyskjerrig...

Kanskje me kan få SPRiLTa opp postkassa di av og til?