Vårt miljøengasjement

 

Grøne opplevingar

SPRiLT vil alltid oppfordre sine kundar til å velje miljøvenlege løysingar.

Me er ikkje så store sjølv at våre bedriftsinterne miljøtiltak gjer veldig stor forskjell. 
Difor tek me ansvaret vårt eit hakk lenger og lovar å hjelpe kundane våre å velge miljøvenlege alternativ der det er mogeleg. Ofte handlar det berre om å stille dei rette spørsmåla, til dømes:

  • Treng du å kjøpe dette, eller ynskjer du heller å leige?
  • Ynskjer du å prioritere miljøvenleg transport i samband med arrangementet?
  • Er det viktig for deg å nytte lokale råvarer, leverandørar og tenester?
  • Kan det vera eit alternativ med digital- eller hybridkonferanse istadenfor å fly alle deltakarane inn?
  • Ynskjer du å nytte skjermflater istadenfor trykt reklamemateriell?
  • Er klimaavtrykk ein del av vurderinga di når du gjer dette valet?
  • Kan det vera fordelaktig for deg og arrangementet ditt om det fekk ein grøn profil?

 

Image

Interne miljøtiltak

  • Me nyttar lokale leverandørar
  • Me lagar kortreiste opplevingar for bedrifter
  • Me kjøper alltid kvalitetsprodukt med lang levetid

  • Me nyttar tog og elbil der det er mogeleg
  • Me begrensar flyreiser så langt som mogeleg
  • Me bur på hotell med grøn profil når me reiser

  • Me nyttar lokale råvarer til fest og kvardag
  • Me avviklar intern møteaktivitet digitalt
  • Me kjeldesorterer avfall på kontor, lager og produksjonsstad
  • Me har fokus på vedlikehald og gjenbruk av materialar og utstyr

  • Me nyttar energieffektive LED-lyskjelder på alle produksjonar
  • Me nyttar energieffektive høgttalarflater på alle produksjonar
  • Me effektiviserer for å begrense vekt og volum ved transport

  • Me nyttar kabling som ikkje avgir miljøgassar ved destruering
  • Me prioriterer leverandørar som nyttar miljøvenleg transport og emballasje

Me gjer vårt for å sikre gode opplevingar - ikkje berre no, men også i framtida.