Image

KVA ER SPRiLT?


SPRiLT er ein kreativ ressurs for dei som ynskjer å skapa noko.


Hovudtyngda av vårt arbeid er å levera scenetekniske produksjonar, tenester og løysingar.


Det betyr at me leverer teknikk til konsertar, festivalar, teater, show, event, konferansar og alt anna der det trengs lyd, lys, scene, bilde eller spesialeffektar. Me leverer også faste installasjonar, design og rådgjeving innanfor dei samme fagfelta.

Me har akkurat blitt til SPRiLT - før var me Voss Lyd og Brytning, to selskap med lang fartstid og gode skussmål i bransjen. Idag er me 10 tilsette tilsaman på Voss og i Oslo.

Hovudadministrasjonen vår ligg på Voss, men solide avdelingar i både vest og aust gjer det mogeleg å reise land og strand rundt for å lage opplevingar for og med kundane våre. Me handterer omlag 300 ulike små og store prosjekt i løpet av eit år.

No står det spennande mogelegheiter i kø, og me treng enno ein superhelt på laget.

SPRiLT
Image

KVA ER JOBBEN?

SUPERHELT?

Me kallar deg for superhelt både fordi jobben din er viktig, men også fordi den til tider kan vera krevjande. Superheltar lever vanlege liv for det meste, men reddar dagen når det røyner på.

Me jobbar i høgt tempo med små feilmarginar og knallharde tidsfristar. Me løyser kreative, praktiske og økonomiske utfordringar kvar dag, og jobbar saman med svært mange flinke og spennande menneske. Det er ikkje alltid så enkelt, men for ein superhelt er heldigvis ingen dagar like - dette er også ein jobb der du kan oppleve meistring, nyskaping, tett lagspel og spennande utfordringar kvar dag.

I hovudsak er dine ansvarsområde som superhelt delt i tre kategoriar:

Administrativ koordinering

Du handterer flyt av kommunikasjon internt og eksternt, og koblar saman dei rette folka i kvart ledd på nye prosjekt. Tett samarbeid med artistar, management, produsentar, arrangørar, eksterne teknikarar og mange andre er ein stor del av kvardagen vår, og det er mange partar som treng rett informasjon til rett tid.

HMT (Helse, Miljø og Tryggleik)
Vidareutvikling av internt HMT-system og rutinar i samarbeid med fagansvarlege
Bidra til ein enno betre kultur for tryggleik og trivnad
Eksternt prosjektarbeid kan bli aktuelt

Grøne opplevingar
Framtida er grøn, og SPRiLT skal vera ein pådrivar for bærekraftige opplevingar.
Me ynskjer å sikre gode opplevingar også for framtidige generasjonar, ved å bli ein stadig grønare organisasjon sjølv og ved å stimulere dei me jobbar med til å gjera det same.

Meir?
Sjølv om me kallar deg ein superhelt, så veit me at du er eit menneske. I SPRiLT er det menneska våre som er den viktigaste ressursen.  Dine evner som menneske har difor stor verdi for oss. Me er ein familie som skapar, saman.

SPRiLT
Image

ME TILBYR

100% stilling som SUPERHELT
(Administrativ koordinator og HMT-minister)

Me ser for oss at du held til på Voss, eller kan vera her mykje.

Noko reising i samband med prosjekt og produksjonar bør påreknast.

Gjensidig fleksibilitet er ein viktig faktor for oss.


Me tilbyr gode vilkår og trygge rammer.
Tilsetjing frå 1.1.2023 eller før.
 

SPRiLT
Image

DEG

Utdanning?

Ingen krav til formell utdanning, men erfaring og/eller utdanning innan administrasjon og leiing, økonomi, HMT, prosjektleiing eller sal og marknadsføring er spennande. Det er ikkje krav til utdanning eller erfaring i frå scenetekniske fag.

Personlege eigenskapar

  • Du trivest med mange ballar i lufta og er ein god lagspelar.
  • Du jobbar sjølvstendig, strukturert og har stor arbeidskapasitet.
  • Du beherskar (ny?)norsk og engelsk godt, både skriftleg og munnleg.
  • Du likar å lære, er løysingsorientert og kreativ.
  • Du har ei tillitsvekkjande framtoning og er heil ved.

JA?

Me ynskjer oss at du kan bli vår nye superhelt!

Er du einig?

Søknadsfrist er 31.10.2022

Ta kontakt med dagleg leiar Cato Østlie

cato@sprilt.no / 47 75 57 00