Ekstremsportveko

VERDAS STØRSTE EKSTREMSPORTFESTIVAL

Ekstremsportveko er ein av dei absolutt største og viktigaste merkevarene for Voss som destinasjon.

Sidan den fyrste Veko i 1998 har arrangementet utvikla seg til å verta ein av dei viktigaste drivarane for både ekstremsport, reiseliv og arbeidsplassar i bygda. Ekstremsportveko har så stor nasjonal verdi at den har fått fast plass på statsbudsjettet, og er ein innovasjonsdrivar for både teknologi og næringsliv kring ekstremsportane.

Festivalen byr ikkje berre på ekstreme sportar, men ekstremt gode konsertopplevingar og sosiale aktivitetar og er ekstremt inkluderande.

SPRiLT har fått vera med på denne eventyrlege reisa heilt sidan starten, og er stadig med på å vidareutvikla både Veko og konsepta som kjem til rundt.

FOR OG MED

Me er enormt stolte over å vera ein del av Ekstremsportveko.

Tusen takk til avtroppande festivalsjef Kjetil Kriken og framleis uthaldande festivalkoordinator Gjert Birkeland for årelangt godt samarbeid og mykje galskap. No gler me oss til å ta fatt på eit nytt kapittel i historia saman med ny festivalsjef Tord Bakke Arvesen!


Prosjektleiar: Yngve Høyland
Teknisk leiar: Ørjan Borge
Lysdesign: Joachim Sandal
Backline: Per Egil Mæland
Dekor og arena: Ann Christin Nøss
Koordinering HMT, produksjon og potet: Evelyn Borge
Stage manager: Ann Christin Nøss

Flinke fagfolk: Alle SPRiLTar til pumpene!

Tusen takk også til fantastiske laus-SPRiLT Mirza Alic som tok på seg sjefsbuksene på arenaen og trylla fram magiske uterom!

 

Ekstremsportveko 2024

Ekstremsportveko 2024 blei ein kjempesuksess, med perfekt vær og god stemning sju dagar i strekk.

VossaJazz 2024

VossaJazz 2024

Starten på nye 50 år med VossaJazz! Det er ei stor gleda å få vera med å ta fatt på eit nytt kapittel saman.

Gjekk du tom for sauar å telja?

Me har fleire, og kan levere dei rett i postkassa di: