Denne nettstaden nyttar informasjonskapslar (cookies). Ved å bruke nettstaden vår godtek du bruk av informasjonskapslar. Nettlesaren din godtek vanlegvis informasjonskapslar automatisk. Dersom du vil hindre bruk av cookies kan du deaktivere bruk av informasjonskapslar for nettstaden i innstillingane på nettlesaren din. Våre domene er sprilt.no og sprilt.com.
Fullstendig personvernerklæring og informasjon om dine rettar finn du nederst på denne sida.
Alt innhald på denne nettstaden er SPRiLT sin eigedom eller lisensiert av SPRiLT. Bruk av immaterielt innhald er klarert med opphavspersonar og andre heimelshavarar.
Kopiering, lagring eller gjenbruk av innhald du finn på nettstaden vår kan medføre brot på åndsverklova eller andre lovverk. Dersom du ynskjer å nytta noko av innhaldet du finn på sidene våre ber me om at du tar kontakt med oss fyrst.
Tida vår går fort og me nyttar den helst på å lage store opplevingar for kundar og publikum. Det kan difor hende at informasjon på nettsida er utdatert eller ufullstendig fordi tida vår ikkje strekk til i periodar. Om du finn ein feil du synest me bør retta, set me pris på om du melder ifrå.
Personvern for nettsida sprilt.no
Oppdatert 17. januar, 2024
Personvernerklæringa gjeld for behandling av personopplysingar som utførast av Sprilt AS («Sprilt») når du besøker og brukar våre nettsider, kontaktar oss, eller når me utfører oppdrag for deg eller verksemda di.
Sprilt handterer personopplysingar i overeinsstemming med den til eikvar tid gjeldande personvernlovgivinga, slik at du kan vera trygg på at me handterer personopplysingane dine forsvarleg.
Erklæringa gir deg informasjon om korleis me behandlar dine personopplysingar, kva opplysingane vert brukte til, og kva rettar du har i samband med dette.
SPRiLT, representert ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for all handtering av personopplysingar i verksemda. Om du har spørsmål om erklæringa eller vår handtering av personopplysingar generelt, kan du ta kontakt med oss:
E-post: hei@sprilt.no
Telefon: 97 00 70 40
Post: Sprilt AS, Øvre Langhaugen 11, 5709 Voss
Me handterer personopplysingar om følgande registrerte:
Under gir me ei skildring av kva som er føremålet med vår handtering av personopplysingar, kva type opplysingar me handterer for å oppfylle føremåla, og kva rettsleg grunnlag me har for å handtere desse opplysingane.
Informasjonskapslar
Denne nettsida nyttar informasjonskapslar (cookies) på våre nettsider. Cookies er små tekstfiler som lagrast på din mobiltelefon, nettbrett eller datamaskin når du besøker nettsidene våre. Lagring og handtering av personopplysnigar som innhentast gjennom bruk av cookies er ikkje tillete med mindre du er informert om, og har godkjent, kva opplysingar som handterast, kva føremålet med handteringa er og kven som handterer opplysingane, jf den såkalla «cookie-paragrafen» i ekomlova §2-7b.
Ved å besøke nettstaden vår godtek du at det lagrast cookies frå din nettlesar, i og med at dei fleste nettlesarar automatisk aksepterer cookies på dine vegne. Du kan deaktivere bruk av cookies på di datamaskin ved å endre innstillingar i nettlesaren.
Statistikk
Me samlar inn informasjon om korleis du nyttar nettstaden vår ved å bruke analyseverktøyet Google Analytics. Føremålet med handteringa er å utarbeide statistikk som me nyttar til å forbetre innhaldet og informasjonstilbodet på nettstaden, slik at du og andre besøkande finn relevant og nyttig informasjon her. Statistikken gir oss svar på kor mange som besøker sidene, kva sider som vert besøkt, kor lenge besøket varer, kva nettlesarar som vert nytta, og omtrentleg geografisk plassering for brukaren. Innsamling av opplysingar om bruksmønsteret ditt vert utført ved bruk av informasjonskapslar (cookies).
Informasjonen sendast til Google og lagrast på selskapets server i USA i 14 månader. Google kan overfører statistikken til tredjepart dersom dette er påkrevd av lov eller i tilfelle der tredjepart handterer informasjonen på vegne av Google. Sjå google sine personvernreglar for meir informasjon om dette.
Svar på førespurnader
Dersom du tek kontakt med oss vil me handtere opplysingar om ditt namn og epostadresse for å kunne svare på e-posten din. Handteringsgrunnlaget er personvernforordninga artikkel 6 nr 1 f) som gir adgang til å handtere personopplysingar som er naudsynte for å ivareta vår rettmessige interesse. Den rettmessige interessa er å kunne besvare motteken kommunikasjon til bedrifta.
Sosiale medier
Sprilt har eigne bedriftssider på Facebook og Instagram for å kunne vera tilgjengeleg for personar og verksemder som ynskjer å følge Sprilt, og som nyttast til å dele innhald, til dømes artiklar og nyhende, med våre følgarar.
Me mottek anonym og aggregert statistikk frå våre kanalar innan sosiale medier som viser mellom anna antal følgarar, bransje, tidspunkt for besøk, interesser og omtrentleg geografisk posisjon. Me mottek ikkje opplysingar om namn på følgarar eller andre opplysingar som gjer det mogeleg for oss å identifisere enkeltpersonar.
Handteringsgrunnlaget er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 f) som gir adgang til å handtere personopplysingar som er nausynte for å ivareta vår rettmessige interesse. Den rettemessige interessa er å kunne marknadsføre bedrifta, dele innhald og vera tilgjengeleg for personar som ynskjer å følge bedrifta på sosiale media.
Me vil ikkje overføre eller på annan måte utlevere personopplysingar til andre med mindre det føreligg eit rettsleg grunnlag for slik utlevering.
Me nyttar leverandørar av IT-teneter som handterer opplysingar på våre vegne, såkalla databehandlarar. Me har inngått databehandlaravtale med leverandørane som sikrar at personopplysingane vert handterte i samsvar med våre instruksar og føremåla som skildra i denne erklæringa.
I nokre tilfelle vil personopplysingar bli overført og lagra på servarar i land utanfor EU/EØS-området (såkalla tredjeland). For å sikre at personopplysingar handterast forsvarleg i mottakarlandet, vil overføring kun skje til leverandørar som har signert EU sine standardavtalar.
Personopplysingane dine vil ikkje bli oppbevarte lengre enn det som er naudsynt for å oppfylle føremålet med handteringa, med mindre det føreligg lovpålagd oppbevaringsplikt (t.d. rekneskap) eller det er naudsynt å oppbevare informasonen for å kunne forsvare oss mot eventuelle rettskrav. Personopplysingane vil i alle høve bli sletta når oppbevaringstida er utgått.
Når verksemder handterer dine personopplysingar har du rett til å bli informert om denne handteringa, jf personvernforordninga artikkel 13 og 14. Sprilt oppfyller informasjonsplikta i denne personvernerklæringa, og vil vise til denne ved førespurnader om informasjon.
Du har også fleire rettar i høve vår handtering om kva rettar du har og korleis du går fram for å gjera bruk av rettane dine:
Dersom du ynskjer å gjera nytte av rettane dine kan du kontakte oss, jf punkt 1. Me vil svare på førespurnaden din så snart som mogeleg, og seinast innan 30 dagar frå me mottek førespurnaden.
Me vil i slike tilfelle be deg om å framlegge legitimasjon eller annan informasjon som gjer at me kan stadfeste identiteten din, før me kan gje innsyn i personopplysingar som er lagra om deg eller gjere endringar i korleis desse vert handterte i våre system.
Me tek informasjonstryggleik på alvor og har etablert eigna tekniske, fysiske og organisatoriske sikringstiltak for å sikra personopplysingane dine. Me føretek periodiske gjennomgangar av sikringa som syt for at me opprettheld eit forsvarleg tryggingsnivå. Di tilkopling til våre nettsider skal alltid vera kryptert.
Dersom du ikkje er nøgd med måten me handterer dine personopplysingar på eller meiner at me bryt personvernreglar, har du rett til å klage til Datatilsynet. Du finn meir informasjon om korleis du går fram for å klage på Datatilsynet.no
Me vil oppdatere denne erklæringa ved behov. Du vil alltid finne siste versjon på våre nettsider.
SPRiLT AS · Org.nr. 812 876 252
Sist oppdatert: 23.02.2025
1. Verkeområde
Desse vilkåra gjeld ved kjøp av billettar, leigeprodukt og tilleggstenester som vert formidla av SPRiLT AS i samband med arrangement der kjøparen betaler eigendel eller tilvalstenester som privatperson. Vilkåra gjeld ikkje for bedriftskundar eller billettkjøp til offentlege arrangement.
2. Avtaleinngåing
Bindande avtale er inngått når betaling er gjennomført og stadfesta av betalingsformidlar.
3. Pris og MVA
Alle prisar er oppgitt i NOK og inkluderer gjeldande MVA.
Totalprisen for kvar ordre går fram av bestillingsflaten før betaling vert gjennomført.
4. Ingen angrerett — billettar og tenester knytta til datofesta arrangement
Kjøp av tenester knytt til arrangement med fastsett dato er unntatt angrerett, jf. angrerettlova § 22 bokstav l.
For andre tenester der angrerett i utgangspunktet gjeld, vert denne fråfalle der levering startar umiddelbart etter kjøp, jf. angrerettlova § 24.
5. Ingen refusjon
Alle kjøp er endelege jf. punktet over.
Depositum for leigeprodukt vert refundert i samsvar med vilkåra for den einskilde leigeavtalen.
6. Avlysingar og force majeure
Vert eit arrangement avlyst av SPRiLT, vert innbetalt beløp refundert med frådrag av eventuelt billett- og betalingsgebyr.
SPRiLT er ikkje ansvarleg for tap knytt til avlysing frå tredjepart eller som elles skuldast tilhøve utanfor SPRiLT sin kontroll.
7. Reklamasjon
Krav om mangelsretting skal rettast skriftleg til [hei@sprilt.no] snarast og seinast 14 dagar etter arrangementet, jf. forbrukarkjøpslova kap. 6.
8. Personvern Sjå personvernserklæring lenger oppe på denne sida.
9. Gjeldande rett Norsk rett gjeld. Tvistar søkjast løyst i minnelegheit, subsidiært ved ordinære domstolar.