
Ekstremsportveko 2024
Ekstremsportveko 2024 blei ein kjempesuksess, med perfekt vær og god stemning sju dagar i strekk.
Me har prosjekt og produksjonar i alle storleikar. Difor er me opptekne av å ha verktøy som kan vera like fleksible som oss.
Denne godsaken er svaret. HD96 er laga slik at kvar teknikar kan bruke den med sin personlege vri – slik det passar deg og det showet du jobbar på nett no. Den er ein teknisk kameleon – perfekt for monitorjobb, for FOH, for teater, TV, for stor festival eller for turné.
Med ein allereie godt utbygd infrastruktur av stagerack og kabelsystem for Midas sine boksar var det eit enkelt val for oss å lande på denne. Me har også bygd inn eit komplett ProTools-system i løysinga, som i praksis betyr at me har med oss eit heilt studio kvar gong denne er på jobb. – Konsertopptak, nokon?
Me har sjølvsagt fullt utbygd fibersystem og dualhead splittrack på lager, og deler gjerne viss du treng ei super flate til din neste produksjon.
Midas HD96-24
144 input / 96 flexi output @ 96kHz
HyperMAC fibersystem med DN9680
Dante 64/64 interface
USB3 48/48 interface
– DL231 48/48 dualhead stagerack med LK + patch
– DL251 48/16 stagerack med LK
– DL155 8/8/8/8 stagerack for AES3 og 8/8 analog
– DN9650 for AES/Dante
oppSPRiLta med:
64ch ProTools Studio / MacMini M2
QLAB 5 Audio/Video for showcue
AV-switch og KVM for bonusskjerm

Ekstremsportveko 2024 blei ein kjempesuksess, med perfekt vær og god stemning sju dagar i strekk.

Starten på nye 50 år med VossaJazz! Det er ei stor gleda å få vera med å ta fatt på eit nytt kapittel saman.

Me vil ha gode opplevingar – ikkje berre no, men også i framtida.