Heilt Nils!

HEILT NILS!

Originalt "Late Night" showkonsept for og med kulturlivet. Meir musikk, mindre prat.

Kulturjournalist Nils Kvamsdal har brukt heile livet på å fremja kulturlivet i Avisa Hordaland. Han ynskte å få bakomhistoriane til nokre av artistane med størst tyding for Voss som kulturbygd, fram i ljoset. Utfordringa var berre å finne eit format som passa dei relativt lyssky kulturprofilane han ville invitere.

I ei praktisk øving i omvendt psykologi utvikla me difor eit ekstravagant og ekstrovert «Late Night» talkshow-konsept, komplett med husband og konkurransar. Kontrasten mellom innhald og uttrykk blei ein spennande og effektfull vri.

Det vart produsert ein komplett, grafisk profil for konseptet som sytte for eit gjennomgåande visuelt uttrykk i alt frå marknadsføring til scene.

FOR OG MED

Eit show med uklare dimensjonar!


Prosjektleiar & konsept: Yngve Høyland
Lyd: Ørjan Borge
Lys: Joachim Sandal

Grafisk design:
Anne-May Hofseth, Logolink AS

Medverkande artistar og profilar:
Nils Kvamsdal
Finn Tokvam
Trio Alde
Kvarts
Dumpster Divas
Twang Gang
Styve Brass
Tore Brunborg
Bjørnar Ekse Brandseth
Gunnstein Akselberg

Konsept – Produsent – Prosjektledelse – Lysdesign – Lyddesign – Spesialeffektar –  Bemanning – Innhald – Scenetekniske løysingar

Ekstremsportveko 2024

Ekstremsportveko 2024 blei ein kjempesuksess, med perfekt vær og god stemning sju dagar i strekk.

VossaJazz 2024

VossaJazz 2024

Starten på nye 50 år med VossaJazz! Det er ei stor gleda å få vera med å ta fatt på eit nytt kapittel saman.

Gjekk du tom for sauar å telja?

Me har fleire, og kan levere dei rett i postkassa di: