
Ekstremsportveko 2024
Ekstremsportveko 2024 blei ein kjempesuksess, med perfekt vær og god stemning sju dagar i strekk.
Myrkdalen er kjend som ein av dei beste skidestinasjonane i landet. Omkring Myrkdalen Hotell ligg også ein av dei største hyttelandsbyane i regionen.
Heilt sidan hotellet opna for 20 år sidan har arrangement vore ein viktig del av aktivitetsbiletet i Myrkdalen. No satsar hotellet og Norway’s Best vidare på vidareutvikling av årvisse arrangement, men også etablering av nye og spennande konsept med SPRiLT på laget som kreativ partner.
Me har vore teknisk leverandør til Myrkdalen sine arrangement heilt sidan oppstarten, og set difor ekstra stor pris på fornya og forsterka tillit.
Me gler oss til det utvida samarbeidet og har stor tru på framtida! Møtast me i Myrkdalen snart?
Prosjektleiarar: Yngve Høyland og Ann Christin Nøss
Kreativ partner – Konsept – Bemanning – Smarte løysingar – Utstyr

Ekstremsportveko 2024 blei ein kjempesuksess, med perfekt vær og god stemning sju dagar i strekk.

Starten på nye 50 år med VossaJazz! Det er ei stor gleda å få vera med å ta fatt på eit nytt kapittel saman.

Me vil ha gode opplevingar – ikkje berre no, men også i framtida.