Voss Kulturhus

Voss er kjend som ei kulturbygd. Her er det ikkje mindre enn to kulturhus!

Voss Kulturhus ligg ved vangsvatnet på den finaste tomta i Vossabygda. Det rommar mellom anna ein kultursal, kinosalar, bibliotek, øvingsrom og mykje anna.

Midt i sentrum ligg Gamlekinoen, ein ærverdig gamal kino som no vert brukt som ein reinspikka kultursal. Gamlekinoen er ein populær scene og er flittig brukt til både festivalar og enkeltarrangement innan både kultur og næring. Gamlekinoen skal pussast kraftig opp i løpet av dei neste åra, og me gler oss til å kunne ta i bruk versjon 2.0 snart.



Sceneteknisk drift

På oppdrag frå Voss Herad driftar SPRiLT teknikken ved to offentlege kulturscener - Voss Kulturhus og Gamlekinoen.

Driftsavtalen gir kulturhusa trygge og fleksible rammer for drift, og tilgang på eit breitt spekter av sceneteknisk fagkompetanse.

Me er enormt glade for å få ta del i så mykje av kulturlivet på Voss, og for den enorme tilliten som Voss Herad viser oss ved å overlata den scenetekniske drifta til oss.

Ekstremsportveko 2024

Ekstremsportveko 2024 blei ein kjempesuksess, med perfekt vær og god stemning sju dagar i strekk.

VossaJazz 2024

VossaJazz 2024

Starten på nye 50 år med VossaJazz! Det er ei stor gleda å få vera med å ta fatt på eit nytt kapittel saman.

Gjekk du tom for sauar å telja?

Me har fleire, og kan levere dei rett i postkassa di: