
Konsulent
Løysingar både innanfor og utanfor boksen.
Me er opptekne av at installasjonane me leverer skal vara lenge og fungere godt i praksis – det er viktig både for drifta, økonomien og planeten. Av og til snur me oss og ser tilbake – og då er det alltid gledeleg å sjå at me klarar å levere på denne lovnaden.
Dei fire kyrkjene er svært ulike, frå gamle til nye, med ulik byggeskikk, alder, vernestatus akustikk og brukargrupper. Der som det i Eidfjord var berre å ta fram slagbor og spett for å føre fram kablar, så hadde me fleire rundar med Riksantikvaren for Kinsarvik og Ullensvang på dei minste detaljar.
Utgangspunkta kunne nesten ikkje ha vore meir forskjellige. For oss var det viktig at systema skulle opplevast like i bruk, og by på dei samme kvalitetane. Sidan då har kyrkjene kunna «låne» ein kyrkjetenar eller prest av naboen utan å måtte bekymre seg for eit ukjend lydanlegg. Andre som nyttar kyrkjene til musikk eller forsamlingar kan fint klara seg sjølv – det er nett som i heimekyrkja.
Prosjektleiar og systemdesigner for alle kyrkjene var Yngve Høyland. Ørjan Borge hadde ansvar for fagleg solid montering og kabelføring.
Takk for godt samarbeid med Ullensvang Kyrkjelege Fellesråd og Eidfjord Sokneråd på prosjekta, og til Riksantikvaren for ryddig og konstruktivt samarbeid.
Totalkonsept – Akustisk måling – Systemdesign – STI modellering og visualisering – Programmering – Koordinering – Montering – Support – Service – Oppdatering

Løysingar både innanfor og utanfor boksen.

Me er gode på tekniske løysingar for både nye og gamle kyrkjer.

Dei nydelege tømmerkyrkjene på Vossestrand og Oppheim har fått nye lydanlegg og er klare for framtida.