
Konsulent
Løysingar både innanfor og utanfor boksen.
Ei kyrkje skal romma mykje og mange.
Med så mange ulike funksjonar og brukargrupper som kyrkjerne har kan det vera utfordrande å finne ein mal som passar alle.
Tekniske system for lyd, lys og bilde er ofte anten lite fleksible eller for vanskelege å bruka.
Du treng ikkje eit teknisk mirakel –
det går fint an å få i både pose og sekk.
God lyd for både gode og dårlege øyre. Med og utan høyreapparat. Lesbar tekst på både fremste og bakerste benk. Lett å bruke for både den nye og gamle kyrkjetenaren. Rett lys på den restaurerte altertavla. Og så må klokkaren høyra når presten står på grava. På stramt budsjett. Og alt saman må skje med riksantikvaren si velsigning.
Nokre gonger er det lettare sagt enn gjort, men me veit kor skoen trykker og har gode løysingar på det meste.
Eit system levert av oss kjem med kjærleik.
Viss du treng oss, så kjem me.
Me tilbyr både løysingar for fjernstøtte over internett og personleg service og bistand.
Dersom du ynskjer jamnleg vedlikehald og oppfrisking så kan du sjølvsagt få det også.
Teknologi utviklar seg fort, og det kan vera vanskeleg å ta gode val som står seg over tid.
Streaming?
Moderne teleslynge?
Talelyd eller konsertlyd på samme system?
Kan me koble på ein solist her?
Projektor eller skjerm? Kamera?
Enkel styring av lyd, lys og bilde?
Kva er nødvendig og kva kan me hoppe over?
Me veit kva spørsmål
som er viktige å ta stilling til.
Du treng ikkje nødvendigvis
å kjøpe heile systemet av oss for å få god hjelp.
Kanskje har du ein lokal leverandør som du gjerne vil nytta? Eit anlegg som berre treng litt opprusting? Kanskje ein uavhengig prosjektleiar med fagleg tyngde, lang erfaring og gode løysingar er det du manglar?
Ta kontakt for ein prat!

Løysingar både innanfor og utanfor boksen.

Dei nydelege tømmerkyrkjene på Vossestrand og Oppheim har fått nye lydanlegg og er klare for framtida.

Frå 2015 til 2017 fekk Eidfjord, Ullenvsang, Kinsarvik og Utne kyrkjer nye lydsystem. Sidan då har me berre hatt 3 supportoppdrag på desse fire kyrkjene utanom ordinært vedlikehald.
Per Egil er vårt rockealibi. Me veit det ikkje sikkert men mistenker at han reiser med piggtråd som innsjekka bagasje.
Med 30 års erfaring som lydtekniker og bransjemann har Per Egil eit stort og allsidig nettverk og vener på dei brunaste kneipene i mils omkrets. Han er ein stødig og sosial fyr med glimt i auga og lidenskap for alt som er ekte og helst laga for lenge sidan.
I tillegg til å vera tekniker og prosjektleiar, har Per Egil oppsyn med varesalg og backline.
Visste du at