
Voss Kulturhus
På oppdrag frå Voss Herad driftar SPRiLT teknikken ved to offentlege kulturscener – Voss Kulturhus og Gamlekinoen.
Tømmerkykjene hadde antikvariske lydanlegg som ikkje gjorde jobben sin. Me fekk oppdraget med å oppdatere kyrkjene med moderne system som kunne puste nytt liv i kyrkjelyden.
Kablinga vart trekt under kyrkjegolvet, og me valde tynne lekre søylehøgttalarar frå BOSE i ein kvitfarge som går fint inn i heilskapen.
Kyrkjene er utstyrte med synkrone styringpanel framme og bak, slik at kyrkjetenaren kan utføre fleire funksjonar samtidig. Systema er klargjorte for fjernstøtte dersom behovet for det skulle oppstå i framtida, og kan byggast ut til eit større system dersom bruken endrar seg over tid.
Prosjektleiar og systemdesigner var Yngve Høyland. Ørjan Borge sine kyndige elektrikerhender sørga for fagmessig og fin montering.
Trekking av kablar under golvet blei ei reise i spon og tømmerflis – men heldigvis var det ikkje andre folk der å dela opplevinga med.
Me takkar Voss Kyrkjelege Fellesråd v/Svein Tøsse for godt samarbeid og effektiv prosess.
Systemdesign – Programmering – Montering – Løysingsforslag – Service

På oppdrag frå Voss Herad driftar SPRiLT teknikken ved to offentlege kulturscener – Voss Kulturhus og Gamlekinoen.

Me vil ha gode opplevingar – ikkje berre no, men også i framtida.

Frå 2015 til 2017 fekk Eidfjord, Ullenvsang, Kinsarvik og Utne kyrkjer nye lydsystem. Sidan då har me berre hatt 3 supportoppdrag på desse fire kyrkjene utanom ordinært vedlikehald.